OM OSS

Mons-Olav Walgermo

Litt om oss

Bruktbutikken vart starta i 2006, og Ørskog Sokneråd er eigar og drivar. Vi har store lokale 8 - 900 kvm, café og leikekrok.

Ørskog kyrkje er frå 1873 og er derfor ikkje eigna til alt pålagt arbeid for soknet etter trusopplæringsreforma. Derfor vart det satsa på å skaffe eige lokale. I desember 2005 vart bygget kjøpt. For å finansiere kjøpet vart det etter kvart utvikla bruktbutikk i stordelen av bygget som stod ledig. Butikken har i løpet av desse åra utvikla seg med fleire fasilitetar og utvida areal.

Utover utgifter til drifta av sjølve bygget, går overskotet til å finansiere deler av stillingar som

kateket og trusopplærar,

støtte til kyrkjelyden sine misjonsprosjekt:

- ungdomsarbeid i England,

- vanskelegstilte jenter i Etiopia,

til Skodje kyrkjekor

og det som trengst til trusopplæringa for barn og ungdom

i vårt eige sokn.

Det går også med utgifter til vedlikehald av bygget.

 

Butikken får varene gratis av folk som ikkje har bruk for dei lenger,  og vi sel dei vidare. Alt arbeid i butikken blir drive av frivillige. Dvs. ingen får løn eller godtgjersle for innsatsen dei gjer.

Det er mange som hjelper til litt, meir eller mykje -  alt etter kva som høver for den enkelte.

Arbeidsmiljøet er triveleg og lystbetont.

Sjølv om mange hjelper til, treng vi fleire frivillige. Vi har berre ope 2 dagar i veka og kunne ha tenkt oss ein 3. dag. Det har vi ikkje folk til for tida.

Ta kontakt om du vil vite meir eller om du vil prøve kva arbeidet går ut på.